16. august 2011

All denne ventinga

Eg gler meg til å byrja på skolen, og så grur eg meg til å bygja. Det er ikkje lett. Verkeleg ikkje. Ein stor del av meg gler seg til å byrja på noko som leder meg ein plass. Til eit yrke, til ein framtid. Til ein koselig liten bygd, med koselige mennesker. Mens en mindre del av meg ynsjer ikkje å treffe alle desse nye menneska, gå alle desse nye plassane og bo denne framande plassen. Kvifor skal det vera så vanskeleg? Kvifor skal det vera så grusomt? Kvifor skal det vera så gøy og bra samstundes? Eg blir forvirra, eg er lei av å vente på å møte mine klassekamerater og dei eg skal gå på skule med. Kvifor kan ikkje skolen berre byrja. OG denne store uvissheita forsvinne.

Og så gler eg meg veldig til å flytte inn på den nye hybelen. Til å montera den fine komoden eg har kjøpt på IKEA og til å ha min egen sofa.

Ingen kommentarer: