11. januar 2012

kvardagen slår til

Jula er over og kvardagen slår meg i fjeset igjen. Åh, som eg ynsjer meg tilbake til Stavanger, til kinesisk nyttår og lange kvelder med snakking og lytting. Sleppe å lage middag sjølv, og ete den sjølv. Sleppe å stå opp tidleg og berre kunne ligge under dyna og lese bøker ein ikkje skal ha eksamen i. Men i tillegg så er det jo litt fint å være her i Notodden, det er jo ein koseleg by, og det er utrolig fint å ha ein klasse som er akkurat som familien. Det er fint å dra på strikkekveld og snakke og strikke litt om vi får tid og komme hjem alt for seint. I tillegg så er det fint med trening. Men uansett, sett bort frå alt så er det jeg sliter mest med, å gå på butikken og handle mat. Det er så UTROLIG kjedsamt å gå i 15 minnutter, deretter vimse rindt i butikken i 30 og gå med tunge poser hjem i 20 minutter. Det er nesten så gale at eg et havregraut med vann. Men ikkje enno, og ikkje nett no. Nett no sit eg her foran macen min og tenkjer at nynorsk er fint og at kvardagen mogeleg er ein fin dag samstundes. Det kjem heilt ann på kva ein puttar i den.